Om Aldateateret

Vi i Aldateateret er dei to skodespelarane Jeanette og Idun, og dramatikar/regissør Rolf der ensemblet skiftar frå produksjon til produksjon. Vi jobbar først og fremst med nytt stoff.

Vestlendingar som vi er, har vi late oss inspirere av klippa Alden - landemerket vest i havet. På toppen av Alden, 480 meter over havet, kastar vi stein ned i ei smal kløft som deler fjellet i to. Med barnsleg undring lyttar vi til steinens fall frå klippe til klippe til den til slutt landar med eit plask. Er det ein skjult innsjø? Eller kanskje havet gjennom ei hemmeleg hole?

Og kvar gong vi kastar er det ei ny oppleving. Nye lydar. Meir eller mindre ekko. Lenger eller kortare tid før steinen treffer det indre havet.

For oss er dette som å skape teater. Å stille seg opp på nytt kvar gong og med barnsleg undring og lytte etter kvar historia vil leie oss. Vi leitar etter nye uttrykksformer og skaper våre framsyningar med sterke fargar og kontraster. Vi jobbar gjerne med framsyningar utandørs, der naturen sjølv skaper sitt rom for mystikk og undring. Slik fjellet Alden gjer det.